Lokal | 04. jan. 2014

Eskorterte rånarar

Politiet har sett seg lei av rånarar frå nabokommunar som nyttar vegane i Os til å testa bilane. – Natt til laurdag eskorterte vi fem bilar frå Søfteland til Samnanger.

Eskorterte rånarar
Vis a vis Statoilstasjonen i sentrum hamna ein som sladda i grøfta (foto: AH)
Andris Hamrelaurdag 04. jan. 2014 09:46

Politiet har tidlegare fått mykje klager på stygg og vill køyring i Hegglandsdalen. Dette har vist seg, i fleire tilfeller, å vera rånebilar frå Bergen som bruker Hegglandsdalsvegen gjennom Os og Samnanger til å køyre gris.

– Natt til laurdag, i tre-tida, traff patrulja fem rånebilar på veg frå Bergen mot Os.

– Dei fem blei kontrollert på Søfteland før patrulja la seg på hjul og eskorterte dei gjennom Os til Samnanger, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

– Vi vil ikkje ha denne type køyring gjennom bygda og har teke klagane frå Hegglandsdalen på alvor.

– Dei som driv denne aktiviteten skal vite at vi følgjer med.

Grisekøyring endte i grøfta

Tidlegare på natta, rundt midnatt, dreiv ein anna førar å sladda vis a vis Statoil-stasjonen i Os sentrum.

– Det enda med at bilen hamna utfor vegkanten og blei ståande fast med tre av hjula.

– Patrulja var på staden og tok beslag i førarkortet, fortel Rastad.

Avskilta fleire

Natta har vore prega av trafikkrealterte saker.

– I tillegg til eskorteringa av rånebilane og han i sentrum, har vi avskilta fleire bilar i løpet av natta grunna feil og manglar.

– Ein fekk også eit forenkla forelegg på grunn av to direktelys bak og manglande lys foran, avsluttar Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.