Sport | 30. sep. 2012

Espen opp Stoltzen på 10:12

Geir Skaten, Espen Rognsvåg (bildet) og Øyvind Odland var dei raskaste frå Os i årets Stoltzekleiven Opp. Her er fleire lokale resultat.

Espen opp Stoltzen på 10:12
Espen har vore raskaste osing opp Stoltzen fleire gongar. I år hadde han håpa på ny personleg rekord, men det klarte han ikkje. Her på Liafjellet førre helg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. sep. 2012 22:53

Fredag var bedriftene opp Stoltzen, laurdag var hovudarrangementet for årets Stoltzekleiven Opp.

Thorbjørn Ludvigsen frå BFG Fana vann også i år då han sprang inn på 8:25, 3 sekund svakare enn i 2011.

I kvinneklassen var Kristin Størmer Steira raskast, med tida 10:07. På 2. plass kom May Britt Buer (10:22), som vann Liafjellet Opp førre helg.

Opna litt hardt

Geir Storetvedt Skaten, som vann herreklassen i Liafjellet Opp førre helg, vann Stoltzen i 2002 (9:29). Geir, som no bur på Nore Neset i Os, var raskaste frå Os med tida 9:40, godt nok til 16. plass.

Espen Rognsvåg, som frå 2005 til 2009 sprang opp på under 10 minutt, med 9:49 som beste tid (2007). I år kom han inn på 10:11 og 44. plass.

– Eg føler eg har hatt god oppkjøring med Langedalen Opp og Liafjellet Opp, og hadde håpa på ny pers.

– Men eg trur eg opna litt hardt, for på første mellomtid var eg berre 1 sekund bak vinnaren, eg burde nok vore 10 sekund bak, seier Espen.

Øyvind slo Sverre

Neste i herreklassen, uansett alder, er Øyvind Odland (15) på 60. plass på tida 10:23. Han deler plassen med Sondre Vikøyr, son til osingen Jørn Vikøyr.

Skøyteesset Sverre Lunde Pedersen kom på 71. plass med tida 10:29.

Rognsvåg raskaste kvinne

Blant kvinnene ser det ut som om Ingunn Rognsvåg og Astrid Nybø var raskaste osingar.

Ingunn, som er søstera til Espen, kom på 149. plass på 14:10, Astrid på 159. plass med tida 14:14.

Sprek og Blid Os og CK Henie var blant klubbane/laga frå Os som deltok.

Osingar i herreklassen (plassering uansett alder):
16. Geir Skaten 9:40
44. Espen Rognsvåg 10:12
60. Øyvind Odland 10:23
71. Sverre Lunde Pedersen 10:29
171. Kjetil Styrvoll 11:10
386. Stein Kjetil Hefte 12:03
546. Johan Olai Nes 12:32
729. Samund Nordang 13:01
891. Arild Tystad 13:26
2411. Kjartan Hjortland 18:04
2720. Roger Gravelsæter 22:03
2792. Svein Hausberg 30:02

Osingar i kvinneklassen (plassering uansett alder):
149. Ingunn Rognsvåg 14:10
159. Astrid Nybø 14:14
684. Heidi Louise Hevrøy 17:24
861. Gro Anne Lyssand 18:37
901. Tone Herland 18:58
1132. Vibeke Hausberg 21:44
1174. Dagrun Hausberg 22:46

Sjå òg: stoltzen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.