Sport | 02. nov. 2011

Etterlyser eldre menn

MidtsidenCup: Påmeldingsfristen er utsett for å få fleire lag i den nye klassen; herrar 40+.

Etterlyser eldre menn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2011 08:36

Årets MidtsidenCup blir arrangert på Kuventræ frå onsdag 9. til laurdag 12. november.

Midtsiden samleside: MidtsidenCup

Vi har no 35 påmeldte lag. I fjor hadde vi 36.

• 6 damelag
• 10 mixlag
• 17 herrelag
• 2 herrar 40+

Påmeldingsfristen, som eigentleg var måndag 31. oktober, er utsett til fredag 4. november.

Tidlegare har vi etterlyst fleire damelag, no er vi på jakt etter eldre menn ...

I år har vi nemleg laga ein ny klasse, herrer 40+, for å prøva å få med fleire lag utan aktive spelarar.

Førebels har Vågshaugen City, som har vunne MidtsidenCup fleire gongar, sist i 2007, berre éin motstandar i klassen 40+.

For at desse to skal sleppa å bli innlemma i herreklassen treng vi 4 oldboys-lag innan fredag.

Dersom vi får til denne nye klassen blir det ein superfinale mellom vinnarane i herrar og herrar 40+.

Her finn du reglar og informasjon om påmelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.