Lokal | 20. nov. 2012

Etterlyser grå Celica

Politiet ber førar av ein grå Toyota Celica melda seg etter trafikkuhell på Søre Neset måndag ettermiddag.

Etterlyser grå Celica
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. nov. 2012 09:22

Måndag i 16.30-tida blei ein grå Mercedes påkjørt bakfrå av ein grå Toyota Celica.

– Føraren av celicaen kjørte frå staden utan dialog med føraren av bilen som blei råka, fortel politibetjent Rune Fimreite.

No håper politiet at føraren vil melda seg for politiet, eller at vitne kan koma med tips.

Utan skilt

Måndag kveld i 20-tida stoppa politiet ein bil utan skilt.

– Bilen blei stoppa i Kuvågen. Førar, ein mann i 20-åra, blir meldt, seier Fimreite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.