Etterlyser tiltak
Travle bilistar og fotgjengarar utan refleks får ein Midtsiden-lesar til å foreslå både tiltak og haldningskampanje.


- Eg er ein av mange som kjører Byvegen til Bergen mellom klokka 6 og 8 om morgonen. Det er mykje trafikk på vegen, og langs vegane av unge fotgjengarar på veg til skule, og det er skremmande å sjå kor få som bruker refleks! skriv ein Midtsiden-lesar i ein epost til redaksjonen.
- Dessverre ser eg òg altfor mange bilister som tydelegvis har dårleg tid om morgenen og som er svært svoltne på veg heim om ettermiddagen. Det er MYKJE farleg kjøring.
Innsendaren meiner politiet saman med Trygg Trafikk, Tide, leiinga ved skulane i Os - og gjerne representantar frå næringslivet, bør setja seg rundt eit bord og i fellesskap skapa ein haldningskampanje både hos skuleelevar og tilsette, altså bilistane.
- Utdeling av gratis refleks saman med ein slagkraftig brosjyre kan vera ein god start. Om vi så berre unngår éi ulykke så er det verdt det.
Midtsiden.no kjem tilbake med kommentar frå trafikkansvarleg ved Os lensmannskontor, Kjartan Snorrason.
Logg inn for å kommentera saka.