Politi | 03. aug. 2022

Etterlyser vitner til fartshump-hopping

To bilar på veg over Fanafjellet skal ha testa kor langt dei kunne hoppa.

Etterlyser vitner til fartshump-hopping
Fanafjellsveien. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. aug. 2022 10:06

Tysdag klokka 23.25 fekk politiet melding om uaktsam køyring mellom Fanafjellet og Lysefjorden.

– To bilar med fleire ungdomar om bord skal ha køyrd fort over fleire humpar, det skal ha sett ut som om dei sjekka kor langt dei kunne hoppa, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Meldar fekk ikkje med seg kjenneteikna på desse bilane, men éin av dei skal ha vore ei stasjonsvogn.

– Vi oppfordrer andre vitne til denne køyringa kontakta politiet, seier Lyssand.

I 14.50-tida i går kontrollerte politiet eit køyretøy på ein parkeringsplass nord for Os sentrum.

Køyretøyet hadde bruksforbod grunna tekniske manglar, men eigar sa han var i ferd med å utbetra desse, så det blei inga avskilting.

– Men treff vi køyretøyet igjen, og dette ikkje er utført, blir skilta tatt inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.