Etterlyste eigar av sint sau
– Den er ganske hissig, men vi vil prøva å få kontroll på den, seier politiet. (Oppdatert)
Søndag morgon har politiet køyrd ut på melding om lause sauar i eit nabolag på Lekven.
– Det skal visst ha vore tre sauar i Lekvenmarka i natt, men no ser vi berre denne eine ved sjøen i Lekvenvågen, seier politiet.
Dei har sjekka med dei nærmaste gardane, men ingen av dei eig sauen.
– Vi vil varsla eigar om at dei er her, ved Lekvenvågen, og oppmodar han om å henta dei. Denne sauen vi har her er ganske amper, men vi vil prøva å få kontroll på den.
OPPDATERT: Klokka 10.36 ringer politiet og forteller at eigar har sett etterlysinga og dukka opp. Eigar er ein som har hytte i nærleiken. Dei to andre sauane kom heim av seg sjølv, mens denne måtte ha hjelp.
– Ingen blei skadd, seier ein lattermild politibetjent, som i utgangspunktet kvidde seg litt til å fanga den hissige sauen.