Kultur | 18. okt. 2017

Eva utset konsert på Os

Eva Weel Skram har fått polypp på stemmebandet.

Eva utset konsert på Os
Eva Weel Skram må utsetta konserten i Oseana grunna polypp på stemmebandet (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 18. okt. 2017 13:56

Fredag 17. november skulle Eva Weel Skram ha vitja Oseana. No er konserten utsett til 9. februar.

– Dei 2 siste åra har vært heilt fantastiske, med fulle konsertsalar landet rundt, festivalar, TV-program og ikkje minst – eg har fått gleda av å treffe tusenvis av nydelege publikum over heile landet, innleiar Weel Skram i ei meldingen.

– Det har vore mykje jobbing – kvar veke har me spelt konsertar, jobba i studio, skreve låtar og møtt nye folk. Det har vært veldig gøy, men har òg tatt på. Her om dagen fekk eg beskjed om at eg har ein polypp på stemmebandet. Ikkje veldig dramatisk i seg sjølv og kanskje ikkje det verste i verden, men absolutt det verste i min verden: for legen råda meg til å helst ikkje å synge (eller snakke) i tida framover. Det passar jo veldig dårleg når ein skal ut på lang turné!!!

– Konklusjonen er likevel at eg må gi stemma litt meir kvile enn planen var. Derfor må me flytte nokre av konsertane me skulle spele i haust til litt seinare. Ikkje alle, men dei konsertane som ligg i enden av kvar periode, slik at stemma får tatt seg inn igjen til neste runde.

– Eg er veldig lei for at det blir sånn enkelte stader, tru meg, dette tek eg ikkje lett på. Men eg håpar folk forstår, og at dåke framleis vil komme på konsert når me kjem tilbake til plassane det gjeld neste år, helser Weel Skram.

Oseana opplyser at dei som har kjøpt billett til konserten 17. november kan få pengane refundert, eller ein kan få nye billettar til konserten 9. februar 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.