Kultur | 17. des. 2014

Eventyrleg salsstart

Halvparten av billettane til Vamp er riven vekk i løpet av fire dagar. – Vi har fått ein utruleg start på våren, seier Janne Mari Hjelle.

Eventyrleg salsstart
Vamp kjem til Oseana i mai (pressefoto: Haakon Nordvik)
Andris Hamreonsdag 17. des. 2014 13:51

Laurdag lanserte Oseana det heile og fulle programmet for våren, med artistar som Vamp, Vinskvetten og Fonos. Frå før var det allereie kjend at mellomanna Aurora Aksnes og Anne Grete Preus kjem til kulturhuset yttst på Mobergsneset.

Midtsiden fekk marknads- og arrangementskoordinator Janne Mari Hjelle til å ta ein titt på salstala, berre dager etter starten.

– Wow, her går det unna.

– Vamp har allereie seld 250 billettar, Vinskvetten er oppe i 130 og Fonos sin sommarkonsert saman med MixMaster Cru passerar no 100.

– I tillegg ser eg at trekkspellerane i Lindesnes trekkspillklubb er umåteleg populære på Os.

– Der har vi allereie passert 300 billettar, jublar Hjelle.

Aurora sel bra

Også dei andre artistane som blei lansert tidlegare i haust sel bra.

– Aurora Aksnes er allereie oppe i 120.

– Aurora på heimebane er jo berre ein konsert alle må få med seg.

– Ei av dei andre vi har på førjulstilbod, Anne Grete Preus, er òg godt i gang.

– Der har vi passert 80, og framleis er det råd å skaffa seg billettar til fleire av artistane til førjulspris.

– Du veit, det finnst ikkje ei betre julegåve enn å gje ei oppleving, smilar Hjelle som håpar mange finn vegen til Oseana laurdag, både for å kjøpa billettar og for å få med seg spelemannsnominerte Marius Neset på julejazz i foajeen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.