Eventyrleg is-sommar
Kiwi auka salet av ispinnar med 36% og vatn med 39%. – Vi må nok berre takka vêrgudane for det eventyrlege salet, seier regionsjef Jan Olav Mjøs.
Salstal frå to av dei tre Kiwibutikkane i Os syner at dei i vekene 26 til 31 auka salet av iskrem totalt med 23% og på vatn med 39% samenlikna med fjoråret.
– Når vi kikkar på detaljane i tala verker det som om at folk har is og drikke for å konsumera det der og då, mest som eit impulskjøp, forklarar Mjøs.
Detaljane syner nemleg at små-is, som ispinnar, beger m.v., har auka med 36%, små-is i pakker med 22%, dessert-is med 14%, medan iskaker har hatt ein nedgong på 18%.
Vil sløkke tørsten
Når det gjeld drikke har både brus og vatn auka i dei aktuelle veken, men med vatn som den klare vinnaren.
– Det trur eg kan skuldast at folk vil ha noko dei opplever sløkker tørsten. Vatn gjer gjerne det på ein betre måte enn brus.
– Det er jo lov å håpa at det også er eit utslag av vår fokus på sunne varer, og vaner, smiler Kiwi sin regionsjef.
Medan brussalet auka med 7%, auka sal av vatn med kullsyre heile 41% samanligna med sommaren 2013. Vatn uten kullsyre auka med 36%.
– Er desse tala spesielle for butikkane de har på Os?
– Nei, når eg kikkar på heile distriktet, så ser er mykje av det same alle plassar.
– Sommaren har gjort godt for folk og fe, og også for våre omsetningstal, avsluttar Jan Olav Mjøs.
Tala skriv seg frå Kiwi sine butikkar på Moberg og Haugsneset. Butikken på Gudridflaten opna 7. november i fjor og ein har difor ikkje samenlignbare tal for den.