Næringsliv | 27. okt. 2011

- Evnar å fornya seg

Ordførar Terje Søviknes håper Os styrkar sin posisjon som handelssentrum når Amfi nyopna torsdag.

- Evnar å fornya seg
Andris Hamretorsdag 27. okt. 2011 09:56

Torsdag formiddag opna Amfi Os med nytt inngangsparti, parkeringshus og to nye butikkar.

- Arbeidarane har jobba i heile natt, men vi klarte ikkje å koma heilt i mål, så kundane må nok dessverre rekna med litt småarbeid i dagane framover også, fortalte senterleiar Christer Danielsen i minutta før nyopninga.

Framleis står det noko arbeid igjen utomhus og litt i forhold til områda rundt heisane frå det nye parkeringshuset.

- Eit handelssentrum

Til å foreta den offisielle snorklippinga hadde Amfi Os fått ordførar Terje Søviknes til å ta turen.

- Det er ikkje så lenge sidan sist eg var med å nyopna Amfi, men det at dei no har tatt denne utvidinga er med på å gjera Os til det handelssentrum det skal vera for Bjørnefjordregionen.

- Eg håper denne utvidinga kan vera med på å trekka nye kundar til Os og bremsa handelslekkasje til Bergen, helsa ordføraren.

Ordføraren klarte heller ikkje å lata kommunen sin visjon om å ha evne til vekstkraft og til å fornya seg sjølv ligga.

- Amfi Os har med denne utvidinga vist at dei har nettopp denne evna, skrytte Søviknes.

Rundkjøring i løpet av våren

Ordføraren nytta òg høvet til å gje ein statusrapport på arbeidet med rundkjøring i krysset mellom Prestegardsskogen og Byvegen. Rundkjøringa blir eit spleiselag på om lag 6 millionar kroner mellom Amfi, Os kommune og fylkeskommunen.

- Nett no er prosjekteringa og utarbeiding av anbodsdokumenta i full gang.

- Tidsplanen fylkeskommunen og vegvesenet har lagt er at rundkjøringa skal stå ferdig i løpet av første halvår 2012, orienterte Søviknes.

Suksessrik førpremiere

Coop Extra, som saman med Kitch'n er dei to nye butikkane som opna torsdag hadde ei lita førpremiere onsdag ettermiddag, der medlemmar av Coop fekk ein prøvesmak på butikken.

- Det blei ein kjempesuksess med veldig godt sal. Tilbakemeldingane var utelukkande positive sjølv om det blei ein del kø på grunn av mykje folk, seier butikksjef Kenneth Lyssand.

Feiringa av det nyopna senteret held fram dei tre kommande dagane med gode tilbod, underhaldning og sjansen til å vinna gavekort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.