Lokal | 24. okt. 2009

Få dosar til Os

Onsdag kom vaksinen mot svineinfluensa til Flåten Legekontor. I skuffande små mengder.

Få dosar til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. okt. 2009 07:16

- Til saman har legane ved kontoret vårt 4400 pasientar. Vi vi mottok berre 100 dosar, fortel lege Anja Øksnes.

Torsdagen brukte vi til å kontakta dei første som får vaksine, fredag sette vi dei 60 første sprøytene,

Sinte pasientar
Torsdag og fredag har ho måtta tåla mykje kjeft frå skuffa pasientar. Dei siste 40 blir vaksinert måndag, og det kjem truleg til å gå 2-3 veker før dei får påfyll.

- Det er sagt at vi skal få full dekning i veke 46. Om det kjem nok til alle som vil ha veit vi ikkje sikkert, men det blir uansett ein del venting, seier Øksnes.

FHI: Alle bør vaksinera seg
Fredag 23. oktober sendte Folkehelseinstituttet ut ny melding. Der anbefalar dei alle å vaksinera seg.

- Årsaka er at vi vil at folk skal beskytta både seg sjølv og andre. I tillegg viser ny kunnskap at 1 av 3 som blir innlagt på intensivavdeling på sjukehus med influensa A (H1N1) ikkje har annen kjent underliggande sjukdom, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

Dersom ein kommune har lite vaksine tilgjengeleg i forhold til etterspurnaden når allmenn vaksinasjon startar, blir det anbefalt at følgjande to grupper blir vaksinert først:

1. Husstandsmedlemmer og andre med nærkontakt med personar i risikogruppene, særleg personar rundt spedbarn under 6 månadar og gravide i første trimester;
2. Personar som har tett kontakt med svinebesetninger.

Etter kvart vil alle få tilbod. Når vaksinasjon av andre enn risikogrupper vil koma i gong vil variera frå kommune til kommune. Mange stadar vil det ta fleire veker.
I alle land er etterpurnaden stor, og Noreg er priviligert og får tidlege leveransar.

Status per 23.10.09:
• Det har vore ei auke i talet på smitta i Noreg den siste veka.
• Det er no rapportert om godt over 2.000 tilfelle av influensa i Noreg.
• Det er rapportert om 10 omkomne.
• Totalt sidan 1. september er det registrert 142 innleggingar på sjukehus, blant desse 27 på
intensivavdeling.
• Over 100.000 nordmenn har eller har hatt sjukdomen til no.

Les meir om svineinfluensa på pandemi.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.