Lokal | 02. jan. 2010

Få frosne rør

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. jan. 2010 15:59

- Eg kjenner til nokre få tilfelle av frosne rør i kommunen, men det kan godt vera fleire enn dei vi veit om, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Etter ein dag med 10 minusgradar kryp kvikksølvet ned til 12 minus og kaldare no i ettermiddag. I enkelte krinsar er det nok endå kaldare.

- Dei som bur i eldre hus, der vassledningane går i dårleg isolerte ytterveggar, bør kanskje lata vatnet stå og dryppa.

Har du problem med frosne rør skal du verken ringa brannvesenet eller teknisk vakt på kommunen.

- Dei som har frosne rør må sjølv få tak i røyrleggjar. Men frys det i offentleg leidningsnett skal kommunen varslast.

Teknisk vakttelefon i Os kommune: 98 23 44 40.

- Det er som oftast når frosne rør tiner at rør blir sprengt. Då er det som oftast vi i brannvesenet som rykker ut, for å tetta røra, seier Gjøsund.

Vakthavande brannbefal/miljøberedskap når du på mobil 91 56 85 90 (heile døgnet).

Det er meldt minus 5 sundag, minus 3 måndag og så skal det passera 10 minus igjen utover veka.

Sjå 10-dagarsvarsel for Osøyro på yr.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.