Jublande unger på «Fabelaktig fredag» (foto: Andris Hamre)

Fabelaktig fotball-fredag

Trass snøslaps og sure tilhøve på Kuventræ fredag storkoste vel 50 ivrige fotballspelarar seg. Halvparten av dei jenter.

image
image
image
image
Av: Andris Hamre

«Fabelaktig fredag», eit ekstratilbod for Os Fotball til fotballspelarar frå 2. til 7. klasse, som har fri frå skulen, blei ein suksess.

– Det har gått veldig bra, trass vêret. Her handlar det om å vera i bevegelse og ha det gøy.

– Vi har spelarar frå alle klubbane i bygda, fortel "rektor" Endre Brenne og ramsar opp Søre Neset, Nore Neset, Lysekloster, Jadakameratene og Søfteland i tillegg til moderklubben Os.

Servitøren Hassan

Rundt han svinsar a-lagstrenar Hassan ElFakiri, denne gong som servitør for sultne fotballspelarar i ferd med å få varmen i kroppen ved hjelp av tomatsuppe med makaroni og brød etter ei første økt ute i kulda.

– Det er berre dei eldste som har vore uten no. Dei yngste har vore inne i hallen og gjennomført «Mesternes meister», fordelt på seks poster kor dei mellomanna har fått testa styrke, balanse, hurtigheit og presisjon.

– Dottera til Hassan, som er av dei aller yngste, viste at ho har gode gener. Ho knuste alle på styrkeposten, skryt Brenne.

– Går gutane ein høg gang

Brenne gler seg over den store deltakinga, ikkje minst at det er så mange jenter med.

– Vi hadde seksti påmelde, men fem av dei har blitt sjuke, så vi er 55 med her i dag.

– Det som er ekstra gledeleg er at omlag halvparten av dei er jenter, og dei går gutta ein høg gang.

– I tillegg må eg få skryta av dei to damene vi har på kjøkkenet som vartar opp med tomatsuppe og mat til oss. Dei gjer ein uvurderleg innsats.

– Ute på banen og på dei forskjellige postane har vi med oss spelarar frå gutte- og juniorlaget. Dei gjer ein kjempeinnsats for klubben og som forbilde for dei yngre spelarane, avsluttar Brenne, før han forsvinn ut til spelarane for å køyre spørrekonkurranse med kinderegg-premie.

Fleire saker