Fabian var einaste som fekk ballen i mål
Os skapte bra med sjansar borte mot Loddefjord i dag, men det blei ikkje siger i denne treningskampen heller.
Os spelte treningskamp borte mot Loddefjord i dag.
Loddefjord kom nest sist i Lysekloster si 3. divisjonsavdeling i 2015, i 2016 landa dei på 4. plass i 4. divisjon (tapte 1-0 for Os 2 på Kuventræ, slo Os 2 8-2 i haust).
– Det var ok frå vår side. Vi styrte mykje av kampen og skapte bra med sjansar. Byrjar vi å setja fleire av desse så ser det endå betre ut, seier Hassan El Fakiri.
– Vi hadde eit skot som blei annulert for offside rett før dei, då vi rota litt etter eit kast, sette inn 1-0. Fabian fekk éin sjanse og sette den. Rett etterpå skåra Loddefjord med skot omtrent frå midtbanen.
Loddefjord - Os 2-1 (1-0)
Målskårar, Os: Fabian Bødkter
Os: Anders Fossen Lunde - Fredrik Haustein, Adrian Valle, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Rafael Villén - Anders Havsgård, Glenn Krossøy - Ole Martin Kolskogen og Øystein takle Eide.
Innbytarar med speletid: Preben Skorpen og ein islending på prøvespel kom inn i pausen, Thomas Fosen kom inn for Villén, Fabian Bødtker og Ådne Onarheim kom inn for Havsgård og Krossøy dei siste 20 minutta.
Ådne Onarheim (fødd i 1998) hadde i dag sin første kamp for A-laget.
– Han klarte seg bra, og hadde blant anna nokre fine initiativ i bakrom, fortel El Fakiri.
Os har tapt alle treningskampane sine til no, men berre 0-2 for Fana og 3-4 for Brann 2.
Neste motstandarar er Sotra og Bjarg, begge i mars.