Lokal | 13. mars 2019

Facebook, Instagram og BankID har problem

– Dette er sjeldan kost, seier Jan Erik Soltveit.

Facebook, Instagram og BankID har problem
BankID, Facebook, Instagram og Messenger er blant dei som har hatt problem sidan før klokka 20 i kveld.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mars 2019 20:52

Onsdag kveld, ein gong før klokka 20, har fleire brukarar hatt problem med både BankID, Facebook og fleire Facebook-appar, som Instagram, Messenger og WhatsApp.

Det var Jan Erik Soltveit frå Soltveit Datasenter som varsla Midtsiden om saka.

– Eg har snakka med BankID og tipsa VG. BankID innrømte at dei hadde eit problem, men ville ikkje ut med detaljar. Facebook fungerer litt i rykk og napp, du må gjerne prøva ti gongar, mens BankID er fullstendig nede, seier Soltveit.

Han reagerer på omfanget.

– Det har hendt at større nettsider har hatt problem før, men så mange ulike, fleire stadar i verda, er uvanleg. Sjølv oppdaga eg det då eg skulle betala ei vare eg vil bestilla frå USA. Får eg ikkje betalt innan klokka 23 taper eg 2000 kroner.

– Generell feil

For 45 minutt sidan skreiv Sbanken dette på Twitter: «Det er dessverre en generell feil med BankID for øyblikket. Vi håper at det er oppe å gå igjen så snart som mulig.»

BankID og BankID på Mobil blir brukt til innlogging på både nettbank, post, Altinn og Skatteetaten.

Sist gong BankID Norge skreiv noko på Twitter var 15. juni i fjor: «BankID er fortsatt nøkkelen til offentlige tjenester. Vi takker for tilliten og gleder oss til å bidra til digitaliseringen av det offentlige Norge i årene som kommer!»

Facebook seier det ikkje er eit angrep

«We’re aware that some people are currently having trouble accessing the Facebook family of apps. We’re working to resolve the issue as soon as possible» skriv Facebook til sine 13,5 millionar følgjarar på Twitter.

Andre på Twitter gler seg på vegne av nedetida til det konkurrerande sosiale mediet, og emneknaggen #facebookdown er brukt over 21.000 gongar den siste timen.

Ein time seinare legg Facebook til:

«We're focused on working to resolve the issue as soon as possible, but can confirm that the issue is not related to a DDoS attack».

Noreg, Storbritannia og USA skal vera blant dei landa som er ramma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.