Næringsliv | 16. jan. 2018

Færøysk firma investerer i Lift Up AS

Lift Up AS har levert utstyr til opppdrettsbransjen i over 20 år. No får dei P/F Tjaldur med på laget.

Færøysk firma investerer i Lift Up AS
Lift Up er globar marknadsleiar innann dødfiskhandtering, og driv i tillegg med utvikling av utstyr for slamoppsamling. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. jan. 2018 09:29

P/F Tjaldur, eit industrielt holdingselskap med base på Færøyane, investerer i Lift Up AS. Med dette får Lift Up, som er mest kjent som globalt leiande innan system for dødfiskoppsamling, styrka sin posisjon som teknologileverandør til havbruksnæringa.

– Med Tjaldur sin industrielle kompetanse og profesjonalitet får vi styrka laget vårt slik at vi kan halda fram utviklinga av av effektive system for dødfiskoppsamling, i tillegg til effektive system for slamoppsamling, etterkvart som denne marknaden veks fra, seier dagleg leiar Liam Heffernan i Lift Up AS i ei pressemelding.

Tjaldur har kjøpt 67 prosent av aksjane. Leiinga i firmaet held fram med å eiga 33 prosent.

Lift Up har over 20 års erfaring som utstyrsleverandør til havbruksnæringa, og har lenge vore globalt markedsleiande innan system for dødfiskhaandtering. Dei siste åra har selskapet også investert betydeleg i utvikling av system for slamoppsamling, og har saman med Bolaks Utvikling søkt om utviklingsløyve i denne samanhengen.

Overskot og auka omsetnad

Lift Up har basen sin i Eikelandsosen i Fusa. Selskapet har til no vore eigd av dei tilsette.

Omsetnaden vaks frå 22,6 til 39,4 millionar kroner frå 2012 til 2016. Selskapet har gått med 4-6,5 millionar i overskot dei siste åra.

– Vi er imponerte over den posisjonen Lift Up har klart å utvikla gjennom mange år, og deira fokus på å bruka teknologi for at gjera fiskeoppdrettsindustrien meir berekraftig og miljøvenleg. Vi ser fram til å vera med og utvikla selskapet vidare, seier Rúni M. Hansen, arbeidande styreleiar i Tjaldur.

Under same paraply som JT

Tjaldur eig blant anna utstyrsleverandøren JT Electric, som leverer utstyr og tekniske løysingar til oppdrettssektoren, som fôrflåtar, fôringssystem, lys og kamera.

Tjaldur vil legga begge selskapa inn i samme holdingselskap, og trur at desse kan representera ei god industriell plattform for å videreutvikla eit sterkt teknologidrive produkt- og serviceselskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.