Lokal | 06. des. 2010

Færre bur i einebustad

Det er framleis flest som bur i einebustad i Os, men det blir bygd stadig fleire husvære i forhold til einebustad.

Færre bur i einebustad
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. des. 2010 11:38

Sidan 2006 har det kome nesten 700 nye bustadar i Os. 276 av desse er einebustadar.

Likevel er det framleis flest einebustadar i Os, medan halvparten av bustadane i Noreg totalt sett er einebustad, er 73 prosent av bustadane i Os einebustad.

Ved årsskiftet 2009-2010 hadde talet på bustadar i Noreg passert 2,3 millionar, skriv ssb.no i dag. Statistisk Sentralbyrå har no plassert 99 prosent av desse i eit digitalt kart.

Her er talet på bustadar i Os ved inngangen av følgjande år:
2006: 6068
2007: 6213
2008: 6434
2009: 6581
2010: 6710

Av desse var det så mange einebustadar:
2006: 4620 (79,1%)
2007: 4680 (75,3%)
2008: 4759 (74,0%)
2009: 4815 (73,2%)
2010: 4896 (73,0%)

Så mange fleire bustadar kom det frå (1. januar per år):
2006-2007: 145
2007-2008: 221
2008-2009: 147
2009-2010: 129

Til no i år (3 første kvartal) er det starta bygging av 108 bustadar i Os. 47 av desse er einebustadar.

I løpet av 3. kvartal passerte vi 17.000 innbyggarar i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.