Treng du nytt pass før påske eller sommarferien? Då kan det vera lurt å bestilla time før høgsesongen startar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Færre bestilte pass i Os i fjor

Ny ordning førte til fulle lister frå april til august 2017. I år er truleg siste år du kan bestilla pass i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember 2016 fortalte Os lensmannskontor at dei frå 2. januar ville byrja med timebestilling for dei som ville ha nytt pass.

– Tidlegare kunne vi ha kø langt ut i gangen i høgsesongen. På tampen av dagen måtte vi gjerne senda folk heim med beskjed om å koma igjen ein annan dag, fortel leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor, Åsta Bakke-Mjelde.

Det gjekk ei stund ut i 2017 før vekene byrja å bli fullbooka, men i mars tok det seg opp og i slutten av april måtte du booka 30 dagar fram i tid for å få time. Lensmannskontoret fekk 20-30 telefonar om dagen frå folk som hadde hastverk med å få nytt pass. Alternativet var å reisa til Fyllingsdalen (som òg har timebestilling) eller Fusa (som har «drop-in»).

– Pågangen var stor til og med august. Målet var å unngå lange køar, å få betre tid til kvar enkelt, å heller spreia passkundane over heile året, for å redusera rushet på vår og forsommar. Det har vi klart.

Nedgang i høgsesongen - oppgang elles på året

Samla sett blei det ein nedgang i bestilling av pass ved Os lensmannskontor i fjor, frå 3163 i 2016 til 2765 pass i 2017.

Kapasiteten i dag er på 69 pass i veka, altså rundt 3500 pass i året.

– Nedgangen skuldast at mange som ikkje fekk time i høgsesongen reiste andre stadar. Vi har hatt fleire som har bestilt pass i haust, og vi merkar oppgang også i januar. Folk har fått med seg at det er risiko å venta til siste liten.

I skrivande stund er det mange ledige timar i veka som kjem.

Her kan du bestilla time (politiet.no)

Siste år med passbestilling på Os?

I løpet av 2018 skal det koma nye «pass-kioskar». Desse tilfredsstiller komande, strengare krav til tryggleik rundt bestilling av pass.

Os er førebels ikkje blant dei som får ein slik kiosk.

– Sånn det ser ut no så er 2018 det siste året at vi på Os lensmannskontor tar imot bestilling av pass.

– Eg vil tru Fyllingsdalen blir nærmaste kontor frå 2019, seier Bakke-Mjelde.

Fleire saker