Færre parkeringssyndarar
– Så og seia alle har p-skive no, også blant mopedistar. Men ikkje alle, seier parkeringsvakt Elisabeth Thomassen.
I juni i fjor blei det starta handheving av parkeringsreglane i Os, i hovudsak i Os sentrum.
Les òg: Første fangstrapport
Det blei ein litt blanda start, blant anna sidan ny merking og skilting ikkje var på plass, men frå oktober 2011 var det meste på stell.
Til saman sidan start er det skrive ut oppunder 800 gebyr, eit snitt på rundt 13 i veka, om vi tar med alle veker, også dei der parkeringsvakt Thomassen har hatt ferie eller av andre årsaker ikkje har vore ute i felten.
– Men forholda har blitt mykje betre. No har så og seia alle p-skive. Dei som syndar no er dei som anten ikkje har stilt den inn eller som står for lenge, utover dei timane det er gratis.
– Det som var kjekt å sjå i sommar var at turistane ikkje hadde problem med å følgja reglane, mange av dei hadde p-skive frå før, anten dei var frå Tyskland, Nederland eller Sverige.
Også motorsyklar treng p-skive
Tohjulingar slepp unna mykje, frå kø til bompengar. Men ikkje når det kjem til parkering.
– Dei må retta seg etter vegtrafikkloven og parkeringsforskrifta. Står dei åp oppmerka plass så må dei har skive, ogdet er det fleire som har.
Nokre plasserer den på vindskjermen, andre på tanken eller salen. Nokre motorsyklar har plastlomme på salen som er fin å legga skiva i.
– Men ein moped tar liten plass. Kva om dei finn ei lita luke, så dei slepp å oppta ein parkeringsplass?
– For det første kan dei stå fleire på same p-plass, men minst éin av dei må ha skive. Så og seia heile sentrum er regulert og du skal stå på oppmerka plass, men om du finn ein krok der du ikkje står i vegen for nokon, og ikkje på fortau, kan du sleppa klar utan p-skive.
– Men det beste er å bruka p-skive og følgja skiltinga.
Får feilsendt klage
Thomassen fortel at langtidsparkeringsplassane rundt Os sentrum nærmast er frie for syndarar, men at det tydelegvis er nokre pendlarar som ikkje har alt på stell.
– Eg har fått nokre klagar på gebyr som ikkje tilhøyrer oss, altså Os kommune. Skyss si pendlarparkering ved Rema Kuvenstasjon er det andre som held auge med.
Fleire gebyr utanfor sentrum
Parkeringsvakten til Os kommune passar ikkje berre på i sentrum, heile kommunen er hennar ansvarsområde.
– Nokre gongar tar eg ein runde på eige initiativ, andre gongar får eg tips frå naboar eller bussjåførar.
Både i Industrivegen, Varåsen, i Øyane, Strøno og på Halhjem har det vore feilparkerte bilar, blant anna på fortau, busslommer og snuplassar for buss. Det er skrive ut fleire gebyr utanfor sentrum.