Næringsliv | 08. jan. 2011

Fagerthun gjev seg

Gullsmed og urmakar Fagerthun avviklar drifta frå 31. mars.

Fagerthun gjev seg
Andris Hamrelørdag 08. jan. 2011 07:20

Gjennom tre generasjonar har butikken vore i drift i Os sentrum. No har dagens drivar, Wenche Synnøve Fagerthun, bestemt seg for å avvikla.

Ho presiserer til Os og Fusaposten at det ikkje skuldast at butikken går dårleg, men at ho rett og slett har lyst til å gjera noko anna.

- Eg har lenge hatt ein draum om å utdanna meg vidare. Det blir høgskule til hausten, seier den urmakerutdanna 29-åringen til Os og Fusaposten.

Ikkje eit lett val
I intervjuet fortel ho at det ikkje har vore eit lett val å bestemma seg for å avvikla butikken.

- Eg har hatt dårleg samvit for å gjera noko så drastisk, men til sjuande og sist må ein tenkja på kva ein sjølv vil, seier Fagerthun, som etter høgare utdanning håper på ein jobb i eit internasjonalt firma.

Opnar ny butikk
Ei av dei tilsette hos Fagerthun, Jannike Foss, vil i løpet av april starta opp ein butikk for ur og smykker på AMFI Os saman med Per Morthen Marthinussen.

Til den butikken tar ho med seg ei anna jente som har jobba hos Fargerthun, Helene Søvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.