Kultur | 28. nov. 2019

Fakkelfredag med ny vri

Statisk «tog» og kveldsopne butikkar i sentrum når julegrana og peparkakebyen skal visast fram.

Fakkelfredag med ny vri
Sånn såg torget ut under fakkelfredagen i fjor. I morgon er det meldt opphaldsvêr og 0-2 gradar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2019 21:06

Laurdag blei julegrana på AMFI Os tent, fredag kveld er det Os sentrum sin tur.

Den tradisjonsrike fakkelfredagen blir utan tog i år.

– Vi tenner faklar, men har ikkje mannskap til å gjennomføra vandring. Eg håper faklane likevel vil vera med på å skapa stemning, seier Jeanett Borgen Kallekleiv.

Dermed er det oppmøte direkte på torget fredag ettermiddag, med utdeling av faklar klokka 17, tenning av lysa på grana klokka 17.30 og opning av peparkakebyen i Brugata klokka 18.

Peparkakebygda er i år i nytt lokale, der du ikkje berre kan sjå utstillinga gjennom glaset, men gå inn og sjå på bygningane.

– Stine Kobbeltvedt og Kristine Vangsnes Bøe frå kultureininga har vore kjempeflinke med mottak og montering av utstilling. Vi har fått mange flotte peparkakehus frå skular, barnehagar, SFO og privatpersonar.

Samtidig er ein tidlegare tradisjon tilbake, med kveldsopne butikkar.

– Mange av butikkdrivarane ser på dette meir som eit kulturarrangement enn ein handledag, men det blei heldigvis god oppslutnad om å halda ope utover kvelden, viss det er nokon som vil gå ærend etter at seremonien er over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.