Familiedag på brannstasjonen
1500 barn og vaksne vitja brannstasjonen i fjor. Varabrannsjef Arne Monsen reknar med stor interesse også på laurdag.
Denne veka arrangerast brannvernveke over heile landet, kor skuler, barnehager og andre har fokus på branntryggleik. Veka blir avslutta med open brannstasjon på fleire av brannstasjonane, blant dei også Os.
– I fjor hadde vi 1500 personar innom dørane.
– No var det kanskje litt spesielt i og med at brannstasjonen var heilt ny, men erfaringa er at om det er fint vêr så prioriterar barnefamiliane å komma innom.
– Det kan ha med å gjera at mange av ungane har hatt det som tema i skule og på barnehage den siste veka. Vi har hatt fleire barnehagar på vitjing, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Får brannhjelm
Arrangementet startar med at brannsjefen tek imot gjestane i hovudinngangen frå klokka 11.
– Der kjem han stå å gje dei yngste kvar sin hjelm så langt lageret rekk.
– Vi har fått 500 små brannhjelmar som vil bli delt ut.
Får prøva stanga
Ungane og dei vaksne får ein dag full av opplevingar på brannstasjonen lovar Monsen.
– Dei som vil skal få prøva brannstanga. Vi kjem til å bemanna den med ein brannmann oppe og ein nede for å ta ivare tryggleiken.
– Det blir kunnskapsløype rundt i bygget, moglegheiten til å få sjå nærare på brannbilane og mogleg å få prøva å sløkke brann med brannslangen vår.
Bamselegevakt og politivitjing
Legevakta, som held til i same hus blir òg med på arrangementet.
– Dei står klare med plaster og bandasje, så om det er ungar som har sjuke bamsar så kan nok dei få god hjelp på laurdag.
– I tillegg kjem politiet for å fortelja kva dei driv med. Det vil nok bli mogleg å få sjå nærare på politibilen òg, smilar Monsen.
Droppar bil frå 27 meter
Arrangementet er ikkje berre for dei minste, men skal òg vera av interesse for dei vaksne.
– I tillegg til å snakka om brannvern, rømningsvegar og vil vi visa korleis vi jobbar på ei trafikkulykke.
– Vi får hjelp frå Bjørn Halhjem som kjem til å løfta ein bil 27 meter opp i lufta før vi droppar den i bakken.
– Kollisjonen vil tilsvara ein kollisjon på omlag 70 km/t.
– Vi kjem til å foreta ei utrykning til bilen og demonstrera korleis vi frigjer ein fastklemt person frå bilvraket.
– Ambulansen er invitert til å vera med, men vi veit ikkje enno om dei får anledning. Det kan vera at dei er opptekne i eit ordinært oppdrag, forklarar Monsen.
Bruk beina
Monsen har ei oppmoding å komma med til folk som har tenkt seg på brannstasjonen laurdag.
– Det er dårleg med parkeringsplassar her oppe.
– Kiwi må få ha sine i fred til kundane og vi må halde av nokre til pasientar på legevakta, så oppmodinga er at folk parkerar litt lengre unna og i staden tek beina fatt, avsluttar Monsen.