Familievald og fyllekjøring
Sånn var jula for politiet i Os.
Brannvesenet har i jula sløkt bustadbrann på Haugland veslejulaftan og garasjebrann på Moberg 2. juledag.
Politiet har, i tillegg til å rykka ut på desse brannane, blant anna tatt hand om ein ung mann som kjørte utfor med promille på Ulven natt til julaftan.
– Det var ein ærleg ung mann som ringte etter at han hadde kjørt utfor. Han innrømte at han hadde drukke, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Føraren, som er i starten av 20-åra, kjørte utfor nær krysset mellom Ulvensletta og Lyseklostervegen, då han kryssa vegen og fortauet, før autovernet startar, og landa utfor vegen ned mot Ulvenvatnet.
Føraren blei ikkje skadd. Det skal heller ikkje ha vore passasjerar i bilen.
Familievald med påfølgjande promillekjøring
Julaftan i 22-tida om kvelden fekk politiet melding om slåsting mellom eit sambuarpar i Hagavik.
– Dei krangla og skal begge ha vore fysisk mot kvarandre, fortel Hadler-Olsen.
Politiet tok kvinna og nokre born med seg til ei anna adresse.
Mannen, som er i 50-60-åra, blei seinare på kvelden mistenkt for promillekjøring.
Politiet møtte han på ei adresse, tok han med for blodprøvetaking og tok beslag i førarkortet.
Prøve å slå dørvakt
Politiet har inntrykk av at det har vore mykje folk på utestadane i Os i jula, men det har ikkje vore så mykje bråk.
– Men noko har det vore. Natt til veslejulaftan, i 00.30-tida, fekk vi melding om ein som prøvde å slå ein vakt.
Mistenkte er ein 19 år gamal gut.
– Vi tok han med, via legevakt for sjekk, til overnatting i arresten.
I 2-tida natt til i dag blei politiet oppring av nokre ungdomar som hadde vore i klammeri med nokre dørvaktar. Dei sa dei ville melda episoden.
Retta seg ikkje etter pålegg
– Natt til 2. juledag, i 3-tida, møtte patruljen ein som tidlegare på kvelden, etter å ha bråka med ein dørvakt, hadde fått pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.
– Vedkomande var framleis i sentrum, nær den same utestaden, og hadde dermed ikkje retta seg etter pålegget. No er han meldt for forholdet, fortel Audun Hadler-Olsen.
Mirakel i arresten
I tillegg til episodane over har politiet fått melding om dørseljarar, både frå Bogstrand og frå Øyane.
– På Bogstrand var det ein som ville selja juledekorasjonar. Han snakka engelsk.
– I Øyane var det ein av desse som hevdar at dei er døvstum, som stiller opp med ein plakat der dei anten ber om pengar eller skal selja noko.
– Vi oppmodar folk om å vera varsame med å handla med desse, og dei bør ikkje invitera seljarane inn. Det er nok sjeldan at dei faktisk er døvstumme, til no har det vist seg at dei som har vore arrestert brått får både taleevne og hørsel etter eit døgn i arresten, seier Hadler-Olsen.