Sport | 30. juli 2009

Fana neste

Os 1 er vidare til 8-delsfinale etter overbevisande 4-0 over Kurdistan.

Fana neste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juli 2009 13:23

Førstelaget til juniorane tok seg lett vidare frå 16-delsfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup i dag.

- Vi starta dagen med ein spasertur før frukost, og det var ein utkvilt og motivert gjeng som stilte til kamp klokka 11.30 i dag, seier trenar Øyvind Steffensen.

- Gutane spelte fin fotball, noko som raskt gav resultat. Martin Eidsvik trilla ballen fint framfor mål frå kant, der Espen Valvik sørgja for 1-0.

Ramo Racic rakk både å heada inn corner og setja ei breiside til før halv tid, slik at det sto 3-0 til pause.

I andreomgang blei det ikkje like mange mål, men Valvik fekk spelt gjennom til Sven Lyssand, som auka til 4-0.

- Vi brukte alle spelarane i denne kampen. No blir det spennande med 8-delsfinale mot Fana i kveld, seier Steffensen.

Fana leiar den lokale serien, og slo Karanba 2-0 for å bli klar for 8-delsfinale klokka 19 i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.