Lokal | 05. des. 2013
Fanafjellet er stengt
Velta tre og glatt veg hindrar trafikk over Fanafjellet.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. des. 2013 15:54
Vegen over Fanafjellet, RV 546, er stengt for trafikk.
Politiet melder på Twitter om velta tre på bysida av fjellet er årsaka.
Ein Midtsiden-lesar fortel om kaos på Fanafjellet.
– Bussar nektar å kjøra ned fordi det er så glatt på Lysefjorden-sida av fjellet, skriv han i ei melding til Midtsiden.
Midtsiden har ikkje fått dette stadfesta av Skyss eller andre.
Velta tre stenger også Langedalen og delar av Lepsøyvegen. I tillegg stenger ein stor stein Søvikåsen for trafikk.
Det er også velta tre i Sørstrøno og på Ulvensletta, ut over eller i vegen, men desse sperrar ikkje trafikken.