Lokal | 05. nov. 2014

Fann amfetamin

Politiet leita etter tjuvegods, men fann ikkje ubetydelege mengder narkotika.

Fann amfetamin
Politiet måtte bistå vektarane på Amfi Os tysdag (arkivfoto: KVB)
Andris Hamreonsdag 05. nov. 2014 09:28

Tysdag ettermiddag gjennomførte politiet ei ransaking på ei adresse i Os.

– Ransakinga kom på søk etter tjuvegods, mellomanna frå ein lastebil som hadde vore hensatt på Os.

– Vi fann ikkje tjuvegods, men i staden fann vi ei ikkje ubetydeleg mengde narkotika. Truleg amfetamin, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ransakinga var heime hjå ein kar i 20-åra.

Satt i varetekt

Ein anna 20-åring, mistenkt for mellomanna trugslar og blotting, blei tysdag framstilt for varetektsfengsling i Nordhordland tingrett.

– Retten fann det var fare for gjentaking.

– Karen blei difor varetektsfengsla for fire veker i påvente av at saken blir vidare etterforska og kjem opp for retten.

Fann kniv

Patrulja frå lensmannskontoret måtte òg bistå vektarane på Amfi Os med ein tredje mann i 20-åra.

– Han var mistenkt for tjuveri frå ein butikk og opptredde trugane ovenfor vektarane.

– Patrulja bisto difor med å roa ned situasjonen og tok karen med seg.

– Det blei funnen ein kniv på han, noko han vil bli meldt for, seier Hadler-Olsen.

Mannen skal ikkje ha nytta kniven for å truga vektarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.