Lokal | 11. okt. 2009
Fann bål
Politiet fekk melding om grasbrann i 3-tida i natt.


Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. okt. 2009 10:04
Litt før klokka tre natt til sundag fekk politiet melding om mogleg grasbrann på Ulven.
- Dei rykte ut og fann ulming frå eit bål som ikkje var sløkt skikkeleg. Patruljen sløkte før dei reiste frå staden, fortel operasjonsleiar Konrad Grindeland.
Laurdag ettermiddag kom det mykje røyk frå eit bål mellom Irgenskrysset og Ådnadalen (bildet). Politiet i Bergen kunne ikkje svara på om meldinga i natt var frå same bål.