Oddmund Lunde slepte kadaveret opp i ei fjøre, for å få nokon til å henta det, men dagen etter var det vekke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fann død sel i Bjørnafjorden

Eit kadaver av ein steinkobbe låg inntulla i garn.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Naturfotograf Oddmund Lunde var på fisketur dagen før fiskekonkurransen i Øyane då han fredag såg noko som låg og flaut i fjorden.

– Kadaveret liknar ei lita nise, men det ser ut som om den har pels, så eg trur heller det er ein sel, seier Oddmund.

Etter å ha sendt bilde til Havforskningsinstituttet får han støtte. Ut frå farge og funnstad reknar det med at dette er ein sel av arten steinkobbe.

• Les òg: Fann død selunge festa i tau (Askvik, 2016)

Kadaveret blei funne mellom inste Gulholmen og oppdrettsanlegget. Oddmund reiste ut laurdag morgon for å taua kadaveret til land i ei fjøre ved Rogamælen på Ytterøy.

– Overraskande nok låg det og flaut på same stad. Eg meiner nokon burde henta det, så ikkje det blei liggande å rotna, men søndag, trass stabil pålandsvind, var kadaveret vekke.

– Eg reagerer òg på at det berre har blitt kappa laust av garnet, og kasta saman med garnrestar.

– Stabil bestand

Steinkobber kan bli 150 cm lang og 95 kilo tung. Den er kystnær og blir kalla fjordsel, og finst både langs kysten i Sør-Europa, i California og nord til arktiske strøk.

I august i fjor rykte brannvesenet ut for å hjelpa til med å redda ein selunge som blei funnen i fjøresteinane i Arna, skriv BT.no.

I 2015 ville Fylkesmannen i Hordaland verna fleire fjordar, blant anna Korsfjorden, med blant anna steinkobbe i Korsfjorden (nord for Strøno) som argument.

– Eg kjenner ikkje til kor stor bestanden i Hordaland er, men Fiskeridepartementet tar teljingar, seier Anders Voss Thingnes i Statens Naturoppsyn til Midtsiden.

Han viser vidare til Kjell T. Nilsen hos Havforskningsinstituttet.

– Vi har hatt teljingar i nord, men ikkje i ditt område, det startar ikkje før i neste veke, seier Nilsen til Midtsiden.

– Det er ei auke i Oslofjorden, men eg har inntrykk av at bestanden er ganske stabil langs store delar av kysten.

I 2007 var det ei auke i selbestanden, etter at ein epediemi på 80-talet tok livet av mange dyr. Då låg denne selungen og solte seg på eit skjer i Korsfjorden (BT.no).

– Kva tenkjer du om å dumpa død sel i fjorden?

– Det er både vanleg og lovleg. Vanlegvis søkk den. Men det er ikkje greit å kasta garnrestar i sjøen.

Om du ser levande sel ber Statens Naturoppsyn deg om å halda avstand.

Fleire saker