Lokal | 29. des. 2017

Fann eldre mann i sjøen

Ein kajakk velta utanfor Drange torsdag. Padlaren (70) låg over 20 minutt i sjøen før Bjørn Åge «Bønni» Olsen kom forbi med båt.

Fann eldre mann i sjøen
Bjørn Åge «Bønni» Olsen og sonen Even fann ein mann i sjøen etter kajakkforlis utanfor Drange torsdag. (Foto: KVB, kart: Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. des. 2017 09:29

Bildeserie:

I dette området blei kajakken og mannen funnen. (Google Maps)
I dette området blei kajakken og mannen funnen. (Google Maps)
Bønnien og sonen Even var på veg frå bunkring på Drange då dei fann mannen. (Foto: KVB)
Bønnien og sonen Even var på veg frå bunkring på Drange då dei fann mannen. (Foto: KVB)
Mannen ba om å bli køyrd til Kvernavika på Strøno. (Arkivfoto: KVB)
Mannen ba om å bli køyrd til Kvernavika på Strøno. (Arkivfoto: KVB)
1 av 3

Torsdag klokka 14.50 rykte Os brannvesen ut som first responer på ei ulykke utanfor Drange. Ein nedkjølt kajakkpadlar var køyrd av redningsmann til Os Seilforening si hamn i Kvernavika aust på Strøno, der dei møtte redningspersonellet.

– Då vi kom fram hadde han fått på seg tørre klede og låg i ein bil. Mannen var nedkjølt, men blei undersøkt av både oss og seinare av helsevesenet, då dei kom til staden, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Mannen skal ha forklart at han velta etter at han var på kollisjonskurs med ein båt. Låg sol kan ha gjort at han ikkje blei sett, og båten skal ha passert kajakken med 2-3 meter.

Padlaren hamna i sjøen og tørrdrakta hans var ikkje tett. Så blei han liggande i sjøen, våt, nedkjølt og ikkje i stand til å koma seg på land, før det kom ein båt med far og son som såg den velta kajakken.

Møtte kajakken to gongar

Dei to som redda mannen er den nyleg avtroppa drosjesjåføren i Os, Bjørn Åge «Bønni» Olsen og sonen Even.

– Vi hadde vore og sett garn med ein annan båt då eg ville bruka godvêrsdagen på å også å fylla opp tanken på sjarken min. Det er best å ha full tank om vinteren om du vil unngå kondens, seier Bønni.

Båtane har dei liggande i Drangsvågen, så turen gjekk rundt neset til bunkring hos Drange Båtservice.

– På veg til bunkring møtte vi ein mann i kajakk, og la merke til at han brått endra retning og padla rett mot oss. Først trudde eg han ville snakka med oss, men så forsto eg at han kanskje hadde sola i auga og ikkje såg oss.

Olsen følgde nøye med, men passerte den møtande kajakken i 8 knop med 20-30 meter avstand.

– Har nok lagt 20-30 minutt i sjøen

Bunkring tok tid, då lokket til dieselpåfylling var frose fast.

På veg tilbake la dei merke til ein liten raud båt i fjøresteinene, rundt 100 meter frå der dei hadde passert kajakkpadlaren ein god halvtime tidlegare.

– Då vi kom bort til kajakken såg vi at det låg ein mann og heldt i båten. Han hadde drakt på, men ingenting på hovudet, og var bevisst, men kliss våt og veldig kald.

– Han såg ut til å koma seg fint gjennom dei låge bølgjene våre, men viss han velta kort tid seinare så har han lagt godt over 20 minutt i sjøen.

Ville til Kvernavika

Padlaren gjorde greie for seg og sa at han ville til Kvernavika, der han hadde bilen sin.

– Vi tok så godt hand om han som vi klarte om bord i sjarken. Han gav uttrykk for at han ville klara seg sjølv, men han skalv så mykje, sjølv ein time etter at vi fekk han om bord og seinare inn i ein varm bil, at vi ville varsla helsevesenet.

– Han sa han følte seg fin og eg forsto det sånn at han bur i Bergen og ville køyra heim. Vi meinte han burde undersøkast først.

Brannsjef Stein Gjøsund oppmodar vinterpadlarar om å sjekka tørrdraktene sine, at dei faktisk er tette, og båtfolk som køyrer i låg sol på godvêrsdagar om å hugsa at dette også kan vera dagar der dei møter padlarar.

– Har du dårleg sikt så bør du setja ned farten og få oversikt. Det er færre båtar på sjøen om vinteren, men det betyr ikkje at du er åleine på fjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.