Lokal | 22. juli 2012
Fann hasjplanter i Os
Ein mann i 40-åra blei tatt med amfetamin i lommene. Heime hadde han fleire ting som politiet fatta interesse for.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. juli 2012 00:33
Laurdag formiddag møtte politiet ein kjenning i 40-åra.
Mannen blei ransaka og politiet fann tablettar og noko dei trur er amfetamin.
– Det førte til ransaking av heimen hans, og der fann vi nokre små cannabisplanter, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Mannen blei pågripen og la korta på bordet under avhøyr i dag. No er han permittert, men politiet har tatt beslag i stoffet og plantene.