Politi | 05. jan. 2022

Fann litt å reagera på i natt

2 av 5 fekk bruksforbod.

Fann litt å reagera på i natt
(Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. jan. 2022 07:47

Statens vegvesen sjekka tungtrafikk i Os i natt.

– Det var 13 køyretøy over kontrollplass. Av desse blei 5 tunge plukka ut for full kontroll, skriv Terje Bødtker i rapporten frå natta.

Eitt køyretøy fekk 2 x 1000 kroner i gebyr for dårlege dekk, eitt fekk bruksforbod grunna ikkje godkjent periodisk køyretøykontroll (PKK) og eitt køyretøy fekk bruksforbod fordi det dryppa vatn frå fiskelasta.

Éin sjåfør blei kontrollert for køyre- og kviletid. Vedkomande fekk ei åtvaring.

I tillegg blei det delt ut nokre muntlege åtvaringar grunna dårlege lys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.