Fann meir tjuvgods i bilar og bustadar
Tre utlendingar busett i Os risikerer utvising frå Noreg etter tjuveri på Amfisenteret i går. Ein annan blei arrestert etter funn av narkotika under ransaking.
I 12-tida måndag blei det oppdaga tjuveri frå ein butikk på AMFI Os. Éin av dei blei halden igjen, den andre stakk frå staden, men kom tilbake for å hjelpa.
– Tre personar, to menn og ei kvinne, blei tatt inn til avhøyr, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Dei tre er utanlandske, men busett i Os, og risikerer utvisingsvedtak.
Den eine mannen blei dimittert etter avhøyr, ein mann og ei kvinne sit framleis i arresten, og skal i avhøyr i dag.
Fann fleire posar med varer
Etter at tjuveriet var oppdaga var politiet på ransaking på fleire adresser og i fleire bilar.
Der fann dei fleire varer dei mistenker er tjuvgods.
– Det blei funne fleire handleposar med varer, i hovudsak klede. No vil vi sjå om vi finn ut kva butikkar desse varene kjem frå.
Mann arrestert etter funn av narkotika
Etter mistanke om narkotika var politiet på ransaking hos ein annan mann i 21-tida måndag kveld.
– Det blei funne narkotika i husværet hans, ikkje så store mengder, men fleire ulike typar stoff, fortel Hadler-Olsen.
Mannen, som er i 20-åra, blei tatt med til arresten og skal i avhøyr i dag.