Lokal | 08. aug. 2012
Fann narkotika
Politirapporten: Beslagla narkotika etter ransaking.
Andris Hamreonsdag 08. aug. 2012 09:48
Politiet gjennomførde tysdag ei ransaking hos ein mann i Os etter mistanke om at vedkommande kunne ha narkotika.
- Vi fann noko vi meiner er narkotika hos mannen og vil sende dette inn til analyse for å slå fast meir nøyaktig kva stoff det er, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Mannen blei teken med til lensmannskontoret for avhøyr.
- Han blei dimitert etter at han hadde forklart seg.