Fann rar snyltar
– Dei ser ut som små spøkelse, seier Ragnhild Hatleli om plantene ho fann på Kobbavågen.
I skogbotnen i starten på stien til Kobbavågen på Røttingen kom Ragnhild Hatleli over nokre planter ho synest var rare.
– Sjølv om vi meiner å ha god greie på planteliv måtte vi søka på internett for å finna ut kva dette er, fortel Ragnhild, som har sendt oss bilde av funnet.
Skjellrot er ikkje, som namnet skulle tilseia, ei rot. Den har ikkje rot, men ein stengel inn til eit tre, gjerne or, hassel eller anna næringskrevjande lauvtre.
Skjellrot (Lathraea squamaria) er nemleg ein heilsnyltar, og den einaste av sin art i Noreg. Arten finn du på Aust– og Sørlandet og nord til Hordaland.
Planta får alt den treng frå verten sin; vatn, fotosynteseprodukt og mineralnæring.
Blomstringa er unnagjort i løpet av første halvdel av mai, og allereie i slutten av denne månaden er frøa modne, og då forsvinn raskt alle synlege delar av veksten.
Kjelde: uio.no