Lokal | 07. juli 2010

Fann setepute

Ei setepute frå båten til Heidal er funnen i Samnanger og Kystvakten er på veg til Halhjem for å sjekka eit flak dieselsøl.

Fann setepute
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juli 2010 11:43

Tysdag starta søket etter båten som Johannes Heidal kjørte i då han sundag kveld eller natt til måndag forliste og omkom.

Først var venar av Heidal frå båtsportmiøjøet i Os på søk, så kom politiet og Kystvakten.

- Vi søkte i skjergarden på nordsida av Tysnes medan friviljuge søkte frå Mobergsvikjo til Bjørnatrynet. Vi fann ingenting, seier lensmann i Tysnes og Fusa, Lorentz Lunde til Midtsiden.no.

Fann setepute
Politiet søkte frå klokka 17.30 til 22.30 i går kveld. Samstundes kom melding om funn av fender og ei setepute frå Bogstrand.

- Vi har no fått stadfesta at puta kom frå Heidal sin båt, seier Lunde.

Reparerte skade
Heidal kjørte ein 28 fot lang Wellcraft Scarab då han forliste. To veker før ulykka deltok han i Bergen Poker Run med den same båten, og under testkjøring nokre dagar i forkant av racet delte skroget seg.

Skaden blei reparert før Poker Run.

Vener av den omkomne meiner Heidal var for kjent til å ha kjørt på eit skjer, og trur ein skade som har ført til lekkasje er årsaka til det tragiske forliset.

Sjekker dieselsøl
Verken politiet eller Kystvakten har gjort forsøk i å gjera søk under vatn.

- Det kjem vi heller ikkje til å gjera, det vil vera håplaust å prøva å finna vraket i den store, djupe fjorden.

- Men Kystvakten er no på veg til eit område utanfor Halhjem der det er gjort observasjon av eit flak vi trur er dieselsøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.