Fann sovande jente
Jan Sverre Nesbø fann ei frosen, sovande jente i eit busskur natt til 1. januar. Han brukte nesten halvannan time på å få hjelp.


Då Jan Sverre Nesbø spaserte heim til Hjelle frå nyttårsfeiring i Stølsvegen oppdaga han at det låg ei jente og søv i busskuret ved Vallabrua. Han fekk liv i jenta, men brukte lang tid på å få nokon til å henta ho.
- Jenta, som er 18 år, hadde sove i busskuret i halvannan time, våt og tynt kledd, fortel Nesbø.
- Ho skalv og var så kald at ho ikkje kunne gå, og blei verre i løpet av den halvannan timen vi prøvde å få tak i transport. Verken ambulanse, politi, drosje eller private bilar eg fekk stoppa reagerte.
- Dette er berre seks døgn etter at ein annan osing var nær på å frysa ihjel. Utruleg at ingen tok dette på alvor.
Kvelden, minutt for minutt
04.40: Jan Sverre heldt på å gå forbi busskuret, noko eit par som gjekk framfor han nettopp hadde gjort. Men han følte han såg noko i augekroken og fekk rett. Jenta reagerte ikkje då ho blei snakka til, han måtte rista i ho for å vekka ho.
04.45: Nesbø prøvde å ringa vakttelefonen til politiet, 02800, og blei ståande i telefonkø i 3-4 minutt.
04.48: Det kjem ein bil og Nesbø droppar telefonventing hos politiet for å stoppa bilen. Sjåføren nekta å ta med jenta, det same gjorde fleire bilar etterpå. Nesbø stiller seg midt i vegen for å stoppa ein drosje, men denne berre kjørte i boge forbi han.
04.50: Han ringer 112, men ingen tar telefonen. Det ringer lenge.
04.55: Ringer til Os legevakt, som seier dei skal prøva å få tak i politi eller ambulanse. Legevakten ringer tilbake og seier begge er opptatt og at jenta må prøva å få seg heim på eigehand. Nesbø forklarer alvoret og legevakten tilbyr ambulanse frå Bergen. Nesbø er ikkje nøgd med å venta 30 minutt og seier det hastar.
05.06: Legevakten ringer og seier dei har fått Os Taxi til å ta ein hastetur. Bilen skal vera der om 10 minutt.
Jenta fryser veldig.
05.17: Ingen drosje har kome. Jenta byrjar å bli blå på fingrane. Nesbø prøver å ringa legevakten, men hamnar i kø.
05.20: Nesbø ringer for å høyra om drosjen er langt vekke. Han hamnar på sentralen i Bergen der dei forklarer at det er travelt på nyttårsaftan. Nesbø blir sint og ber om å få snakka med leiaren på sentralen. Han lytta og forsto alvoret, samstundes kjører ein tom drosje forbi utan å stoppa.
05.31: Drosjesentralen i Bergen ringer opp igjen og seier at det kjem ein bil om 10 minutt.
05.50: Ingen taxi. Fingrane til jenta er blå og ho klarer ikkje å knyta handa. Ho har ikkje følelse i beina og klarer ikkje å stå oppreist. Nesbø ringer legevakten og prøver å bestilla ambulanse. Får beskjed om at ambulanse er på veg, men at det er usikkert kor langt unna den er.
05.54: Drosjen kjem. Nesbø ber sjåføren kjøra ho til legevakten, ikkje rett heim.
05.55: Jan Sverre ringer legevakten og fortel at jenta er på vei og at ambulansen kan avbestillast.
Hadde ingen plan
I løpet av stunda i busskuret skal jenta ha fortalt at ho hadde vore på fest på Hjelle, men ikkje hadde nokon til å henta seg. Ho hadde heller ikkje pengar til drosje heim til Halhjem, der ho bur.
- Kvifor ho hadde lagt seg i busskuret veit eg ikkje. Ho verka ikkje spesielt full, men har kanskje sett seg ned for å venta på ein bil ho kunne haika med.
- Vurderte du å ta ho med heim?
- Ja, men det var glatt og ho kunne ikkje gå. Og så blei vi heile tida fortalt at det kom ein bil om ti minutt. Så eg konsentrerte meg om å prøva å halda ho så varm som mogleg.
- Ingen brydde seg
Nesbø forstår at nyttårsaftan er travel og ein dag der mange er på fest. Derfor hadde han heller ingen i vennekretsen han kunne ringa til.
- Men at det ikkje er svar å få på 112, at ikkje drosjane såg alvoret, at ikkje dei privatpersonane eg stoppa ville kjøra ho heim, og at dei som gjekk framfor meg på Hegglandsdalsvegen berre gjekk rett forbi busskuret, det er skremmande.
Burde ringt brannvesenet
I ettertid er Nesbø glad for at han bestemte seg for å gå heim, og ikkje overnatta hos vennane i Stølsvegen eller ta taxi til foreldra i Varåsen, der bilen hans sto parkert.
- Eg lurer på kva som hadde skjedd med jenta om ikkje eg tilfeldigvis hadde gått forbi. Hadde eg hatt bilen min heime så hadde eg nok henta den og kjørt ho, sjølv om eg ikkje var heilt edru.
I ettertid er det berre ein ting han meiner han kunne gjort betre.
- Eg burde ringt brannvesenet, men kom ikkje på det. Eg har inntrykk av at dei både er meir tilgjengelege og raskare med å reagera. Uansett er dette noko legevakten burde tenkt på, det er veldig synd at ikkje helsevesenet har betre kompetanse og responstid enn dette, seier Jan Sverre Nesbø.