Lokal | 06. nov. 2017

Fann sprøytespiss ved barnehage

Ei mor reagerer på funn ved skule og barnehage på Nore Neset.

Fann sprøytespiss ved barnehage
– Dei som bruker sprøyter bør passa betre på kanylane enn dette, meiner innsendar. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. nov. 2017 11:43

På dagtid torsdag blei denne sprøytespissen funnen ved barnehage og barneskule på Nore Neset.

– Dette synest eg var skummelt. Om ungar på veg til eller frå skulen hadde funne den, kunne dei kanskje ha plukka den opp og leika med den.

Eit eldre par som gjekk tur fekk fjerna sprøytespissen.

Innsendar har ikkje inntrykk av at dette er ein plass folk med rusproblem samlast.

– Eg veit ikkje kva denne typen sprøytespiss blir brukt til, eller kven som har mista den.

– Men born bør vera klar over at dette ikkje er noko å leika med, og dei som bruker sprøyter bør passa endå betre på så ikkje dei mister spissane på denne måten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.