Fann stolen bil
Ein Ford Ranger blei stolen i Os natt til tysdag. Den blei funnen i Fana etter kort tid.
Politiet fekk i 7-tida tysdag morgon melding om at ein Ford Ranger Wildtrak Delta blei stolen på ei bustadadresse i Os.
– Den har sist blitt observert køyrande retning Bergen.
– Vi har mottatt anmeldelse og fått opplysningar frå eigar om mogleg gjerningsperson. Vi forsøker å finna både vedkommande og bilen, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Klokka 09.30 hadde ikkje politiet konkrete opplysningar om kor bilen befant seg.
Midtsiden var rett etter klokka 10 i kontakt med bileigar, som opplyser at dei no har funne bilen.
– Vi er veldig nøgd med politiarbeidet. Dei fortener skryt, seier bileigaren til Midtsiden.
Bilen blei funnen uskadd ved Laguneparken.