Lokal | 15. apr. 2010

Fann sykkel

Nær åstaden for eit anna tjuveri har politiet funne ein sykkel.

Fann sykkel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. apr. 2010 12:48

Politiet har sykkelen og kanskje også gjerningsmannen, men veit ikkje sikkert om sykkelen er stolen.

- Vi sjekka ein åstad i Kuvenbakken då vi fann ein sykkel som låg slengt. Dei som bur i området eig ikkje sykkelen, så då tok vi den med oss seier politibetjent Steinar Flagtvedt ved Os lensmannskontor.

Det var natt til torsdag at ein person blei observert i området og mistenkt for å stela noko anna enn sykkelen som blei funnen.

- Om nokon saknar ein juniorsykkel kan dei ta kontakt med oss, seier politiet.

Os lensmannskontor har telefonnummer 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.