Politiet fekk assistanse av hund under ransakinga. (Foto: KVB)

Fann tjuvgods og narkotika under ransaking

Ein av to menn sprang frå politiet, men blei innhenta.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 21-tida fredag kveld var politiet på ransaking i ein bustad i Mobergsbakken.

– Eg kan ikkje seia så noko om bakgrunnen anna enn at det er i samband med ei straffesak, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

På adressa var to menn. Den eine sprang frå staden, og kom seg unna, men blei innhenta etter 5-6 minutt.

Patruljen frå Os lensmannskontor fekk assistanse av hundepatrulje.

– Det blei funne noko narkotika og ein sykkel av same merke som den som blei meldt stolen i pinsen. Vi vil naturlegvis undersøkja om det er same sykkel.

Fleire saker