Lokal | 20. feb. 2017

Fann tre flaskepostar!

Ikkje alt avfallet som blei funne på dugnad i helga var like deprimerande.

Fann tre flaskepostar!
Ordføraren fann flaskepost frå Selbjørn, Strøno og Øyane - den eldste er ti år gamal, og Marie har sjølv snakka med avsendar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2017 11:18

I helga er det fleire som har rydda plast og anna avfall i skjergarden i Os, etter initiativ frå Os kommune.

• Les òg: Fylte båtane med «profesjonelt» avfall

Ordføra Marie Lunde Bruarøy (H) var sjølv og plukka boss, blant anna i Moldvikane (mellom Ervikane og søre neset av Sørstrøno), og fann heile tre flaskepostar.

• Hugsar du: Iselin Røttingen Møller flaskepost frå Orknøyane (2011)

– To av dei tre var daterte, dei var frå 2007 og 2009, men ingen av dei hadde reist langt, fortel Marie.

Dei tre flaskepostane var frå Strøno, Øyane og Selbjørn. Det eldste daterte var frå Strøno i 2007.

– Eg kjenner litt folk i Strøno, der halve slekta mi er frå, og rekna meg ut til kven det kunne vera. Då ho skreiv flaskeposten var ho 9 år, no er ho 19. Då eg ringte til ho så hugsa ho framleis då ho og venninna kasta flaskeposten ut i håp om at den skulle segla langt av garde, fortel ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.