Tysdag ettermiddag var politiet i Os på runde for å henta inn syklar som låg slengt ulike plassar i Os.
- Dette er syklar publikum har funne og meldt frå om, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Svein Lyssand.
Politiet fann eigarane til to av syklane. Ein av syklane var meldt stolen i Bergen i november i fjor.
- Det er kjekt å sjå at dette med registrering av syklar har ein effekt, seier Lyssand.
Ifølgje nettstaden sykkeltyveri.no, som også kjem med tips til korleis du kan sikra sykkelen din mot tjuveri, blir det stole rundt 55.000 syklar i Noreg kvart år. Desse har samla ein verdi på 275 millionar kroner.
Lokal | 23. mars 2010
Fann tre syklar
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. mars 2010 20:02
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.