Lokal | 13. feb. 2020

Fann to typar partydop under ransaking hos rusa bilførar

To unge menn er meldt etter ein biltur onsdag kveld.

Fann to typar partydop under ransaking hos rusa bilførar
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. feb. 2020 08:49

Onsdag klokka 21.45 blei ein bil stoppa i Os. I bilen sat to menn, den eine er i starten på 20-åra, den andre i midten av 20-åra.

– Begge framsto som rusa, og innrømte å ha røyka cannabis før dei køyrde, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar, den yngste av dei to, blei tatt med til legevakt for utvida prøve.

Politiet gjekk på ransaking hos bilførar, og gjorde fleire funn.

– Det blei tatt beslag i ulike typar stoff som blir sendt til analyse. Vi reknar med at det er snakk om marihuana, MDMA (ecstacy) og kasalol (Xanor med verkemiddelet alprazolam).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.