Måndag fekk politiet melding om at ein privatperson fann ei urne i fjøra på ei øy i Hauglandssjøen.
– Urna viser seg å vera frå Nederland, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Korleis urna har hamna i Os er uvisst.
– Vi vil i dag kontakta Kripos for å høyra kvar vi skal gjera vidare i saka.
Med innhald og id-nummer
Urna er inntakt og tydelegvis med innhald, ifølgje politiet.
– Den er grundig forsegla og er merkt med både namn og id-nummer, fortel Hadler-Olsen.
Om urna har tatt sjøvegen frå Nederland til Os så er det ei reise med straumen på over 850 kilometer.