Fann varm hund i bil
– Det er ikkje godt nok å setja vindauget på gløtt, seier P-vakt Elisabeth Thomassen. I går ringte ho politiet grunna innestengt hund.
Fredag var parkeringsvakt Elisabeth Thomassen på gjestebrygga for å sjekka om alle sto lovleg.
– Det er heldigvis veldig mange som har byrja å bruka P-skive, det har blitt stadig færre gebyr, fortel ho.
Men det var ikkje alt ho fann ved brygga ho likte like godt.
– Det sto ein hund innesperra i ein pickup. Den såg ut til å vera veldig varm og eg fekk ikkje tak i eigar, så eg kontakta politiet, fortel ho.
– Vi fekk tak i eigar etter ei stund. Han fortalte at han hadde begge vindauga opne og at han hadde vore vekke i rundt 10-15 minutt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
– 58 gradar i bilen
Om vindauga på bilen var opne er parkeringsvakten ikkje nøgd med hundehaldet ho i går var vitne til.
– Eg har hatt hund sjølv og det finnest tabellar for kor varmt det blir i bilen om solsteiken står på, fortel Elisabeth Thomassen.
I tabellen Thomassen siktar til står det at viss det er sol og 20 gradar ute og klokka er 11 om dagen så blir det 58 gradar i bilen.
Les meir og sjå tabell på Norsk Kennelklubb sine sider.
– Når det er sommar og solsteik skal du ikkje gå frå hunden din i bil, det blir varmt anten vindauga er opne eller ikkje.
– Eg kjem til å halda fram med å sjå etter hundar og born i bilane no i sommar, seier Thonassen.