Sport | 08. mars 2014

FantAGStisk

Andreas "AGS" Glomsaas Sennesvik stengte buret mot Viking 2 då Osherrene tok to viktige poeng i bunnkampen.

FantAGStisk
Andreas Glomsaas Sennesvik stengde buret mot Viking 2 (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 08. mars 2014 19:34

Handballherrene til Os har kniven på strupen i kampen om å overleve i 2. divisjon. Kampen mot Viking 2 måtte dei vinna om dei skulle henge med Kjøkkelvik og Sotra på plassene framfor seg, men det blei eit tøft oppgjer før herrene kunne løfte henda over hovudet og juble over siger mykje takka vere ein fantastisk Andreas Glomsaas Sennesvik i Osmålet.

– Det var ein j...... deilig siger, smilte keeperhelten etter kampen.

Sleit mot ungguter

Viking 2 stilte med heile fem spelarar frå samarbeidklubben Gneist sitt 16-årslag. Ungutane viste lite respekt for eldre Osherrer, med ungt pågangsmot og kjappe bein heldt dei lenge følgje med Os, men etterkvart rykte Os ifrå når den unge keeperen stengde buret med fleire dobbelt og trippelt redninger til stor jubel frå tribunen.

– Det var gøy det, men samstundes litt frustrerande når ikkje forsvaret tok returane.

– Vi startar litt dårleg, men kjem oss etterkvart utover i kampen.

– Denne sigeren var viktig for sjølvtilliten, oppsummerer Glomsaas Sennesvik før dei siste tre kampane.

Os møter FyllingenBergen 2 allereie måndag, før heimeoppgjeret mot Kjøkkelvik ventar 20. mars og sesongavslutning mot Sotra i Haukelandshallen laurdag 22. mars.

Os - Viking 2 26-21 (14-14)
Utv: Os 1x2 min, Viking ingen
Os sitt lag: Andreas Glomsaas Sennesvik, Hans Brunvatne, Trygve Lerch Dahl 1, Joachim Nøkleby 3, Jørgen Wold 4, Øystein Skarding 2, Frode Vindenes, Ove Lyssand 7, Fredrik Andresen 1, Isak Røen 2, Torbjørn Hjelle 3, Stian Lepsøe, Joakim Blostrupmoen 3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.