- Fantastisk forsvarsspel
Siger nr 3 av 3: 25 minutt med solid forsvarsspel var alt som skulle til for å slå NHHI sundag.

Osdamene satte forsvaret for første sekund i sundagens kamp mot NHHI i Oshallen. Det gav kontringssjansar i fleng, noko damene utnytta godt.
- Jentene speler eit fantastisk bra forsvarspel dei 25 første minutta.
- Då gjer dei akkurat som vi har avtalt på førehand og som vi har øvd på dei siste vekene, fortel ostrenar Erlend Lyssand.
Med eit solid forsvar kontrar dei inn det eine målet etter det andre og går til pause med 17-7 leiing.
Gjer rokeringar
Eindel av dei vel 100 tilskoderane håpar på at Os skal halde fram det gode og hurtige spelet også i andre omgangen, men trenar Erlend Lyssand vel å gjere eindel rokeringar for å prøve ut nye konstellasjonar. I tillegg fell Osjentene ned mot det same låge tempoet som NHHI held gjennom heile kampen.
- Vi taklar ikkje der vi skal i forsvar og kastar bort alt for mange ballar i angrep.
- Berre ei veldig god Vibeke Ingbrigtsen i mål gjer at NHHI ikkje kjem nærare, analyserer Lyssand.
Os vinn tilslutt med 13 mål og tek to oppskriftsmessige poeng mot NHHI.
Fredag klokka 19 ventar langt tøffere motstand då eliteserielaget Tertnes kjem på besøk til tredje NM-runde.
Os-NHHI 29-16 (17-7)
Utv: Os 2x2 min, NHHI 1x2 min
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Susann Rosvold, Irene Tangerås 3, Madeleine Hjertnes 3, Kaja Randa Berthelsen, Tonje Hjertnes 4, Emilie Hjertnes 3, Hilde Kristine Røttingen 3, Line Borsholm 4, Elise Hjelle 5, Line Hjelle 2, Trine Balland 2.