– Fantastisk og magisk!
Kari Bremnes tok publikum med storm på Ole Bull i Bergen måndag. Onsdag speler ho i Oseana.
Kari Bremnes sleppte sitt siste album "Og så kom resten av livet" i midten av september og er no ute på turné med det nye materialet.
I dag, tysdag, speler ho på Festiviteten i Haugesund før ho kjem til Oseana på onsdag. Måndag kveld spelte ho på Ole Bull scene i Bergen.
- For ein historieforteljar, for ein vokalist og ikkje minst, for ein humor ho har.
- Dette var kanskje årets beste konsertoppleving, fortel ein av Midtsiden sine lesarar som var på konserten.
Det mest personlege
"Og så kom resten av livet" er Kari Bremnes sitt sekstande soloalbum, og ifølgje artisten sjølv det mest personlege.
- Eg skriv om å ha kom dit i livet kor du har god utsikt både framover og bakover. Og då ser du jo absolutt litt av kvart, fortel Bremnes i ei pressemelding.
Albumet er spelt inn heime i stua hos Kari med bandet hennar, beståande av Helge Norbakken (trommer), Sondre Meisfjord (bass) og Halgrim Bratberg (gitar). I tillegg medverkar Bengt E Hanssen på tangenter og som produsent.
Spora som kryssast i livet
Kari Bremnes er ein av dei beste og mest markante tekstforfattarane i Noreg. Ho håpar dei nye sangane finn seg ein stad mellom trøst og dans.
- Eg ville seia noko om spora som kryssast i livet.
- Det er mykje som er trist når du får tenkt deg om - og som regel treng du ikkje tenkja så mykje heller.
- På plata finn du songar om dyrespor i snøen, kjærleik som vekkast opp att, ei mor på verandaen, ei dotter som flyttar heimefrå, om galskap, minner og håp, avsluttar Bremnes.
Godt billettsal
I skrivande stund er det berre 179 ledige billettar til konserten.
– Godt over 300 selte billettar til ein konsert midt i veka synes vi er veldig bra, seier Janne Mari Hjelle hos Oseana.