Sport | 02. mai 2012

Fantastiske tilhøve

Os Seilforening fekk ein draumestart på sesongen då årets første trimmingsseilas blei arrangert tysdag.

Fantastiske tilhøve
"Isolde" var ein av båtane som fekk ein fin tur på fjorden tysdag (foto: Olav Børsheim)
Andris Hamreonsdag 02. mai 2012 11:16

Med sol frå nesten skyfri himmel, vind fra nord-nord/vest 4-8 meter per sekund fekk dei 11 båtane som var med ein draumedag på fjorden.

- Finare tilhøve skal ein leita lenge etter.

- Litt varmare kunne det sjølvsagt vore, men det kjem vel snart det òg, seier Svein Skoglund i Os Seilforening.

Løypa, som denne gongen var lagt av Hermod Opstvedt i «Marlin», gjekk frå Strøneosen til Kyrholmen og tilbake.

Traff vindhol

«Tina for II (lys 1.16) kom best ut av båtane i klassa t.o.m. Lystal 1.20. Rett bak kom «Merelle» som halvvegs til første merke seig forbi.

Bak Kyrholmen etter runding fekk båtane ei utfordring med svært vanskelege vindtilhøve.

- «Tina for II» låg godt ann ved runding, men klarte å seile seg inn i eit vindhol og blei liggande i ro i nesten 10 minutt før dei fekk vind i segla att.

- Det er frustrerande å sjå nesten alle konkurrentane segle forbi og ikkje kunne gjera noko, seier Skoglund.

Etter at «Tina for II» kom seg ut av vindholet og ut på spinnakerlegget fanga ho igjen vind og holdt farten godt oppe i over 8 knop inn til mål.

Oseana suste avgarde

I den største klassa (lystal frå 1.21) suste katamaranen «Oseana» tidleg avgarde og distanserte konkurrentane.

Bak kom «Tussi», «Piano» og «Stella» opp til runding.

- «Stella» klarte å gjera nokre fine manøvrar i dei vanskelege tilhøva bak Kyrholmen og kom seg forbi «Piano» og først ut på spinnaker-legget, fortel Skoglund.

«Stella» holdt farten oppe og klarte å koma seg framfor «Piano» i mål, men kunne ikkje gjera noko med Paul Mehammer i «Tussi».

- Dette var ein fantastisk start på sesongen.

- Om det er fleire som ønskjer å vera med oss på desse fine tysdagsettermiddagane på fjorden er det berre å melda seg, avsluttar Svein Skoglund i Os Seilforening.

Sjå resultatlista på www.os-seilforening.org.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.